Referanser

Hanne & Egil 23. juni 2013

La oss starte I frå byrjinga av. Me hadde høyrt rykter om Veien til Toscana. Jaja, kvifor ikkje? Me fekk avtala eit møte med Gunn Janne Fjetland. Fulle av forventningar! Ho må levera eit spenstigt og truverdig opplegg, skal me ta kjangsen på detta, var det siste me tenkte, før me gjekk inn på kafeen i møte!

Som sagt som gjort! For eit FYRVERKERI av ei dama!

Me vert så positivt overaska at det tok ikkje lange tida før me booka nytt møte, og då var kursen satt! Me forklarte korleis me ynskte det og Gunn Janne ordna eit fullverdig opplegg til oss. Sjølvsagt var det ting me endra på undervegs, men fleksibilitet er konge.

Når 87 gjester hadde booket seg flybillettar til Italia, begynte spenninga og ta til for fullt! Hadde me gjort det rette valet?

Me skal innrømma skuldrene bygde seg opp i tida før me skulle reisa til Toscana. Angsten for at gjestene ikkje skulle være fornøgd, hadde me øydelagt Sommarferien deira?

Då endeleg flyet landa i Firenze, snirkla me oss ut av byen med leigebil og kom til slutt ut på landevegen….Kor i all verden skal dette enda? Druefarmar på begge sider av vegen, ei nydeleg og annleis oppleving var allereie på full fart inn over sjela.

Ankomst Vingård!  Såg oss rundt, flott frodig skog oppover åsen, Nydelig hageanlegg, nyklipt plen, rosene i full blomst, snudde oss rundt og fekk sjå fantastisk utsikt utover vakre dalar i Toscana! Og sist men ikkje minst, Det var heilt stilt! Ikkje ein lyd frå verken trafikk, industri eller noko anna. Kun herlig føn-vind i ansikta! Ååå Herregud……i det me gjekk inn porten på Vingården senka skuldrene seg 7 hakk! Heldigvis hadde me gjort eit godt val var følelsen me fekk!

Dagane i forvegen var tida for Relaxing, ta i mot gjester, møte presten ect…Herlige dagar! Fredagen hadde med herlige Italiensk pizza, Nydelig vin, me mingla til seint på kveld! Lørdag hadde me felles lunsj, ungane kosa seg i den store hagen, bading – soling – fotball, Dei voksne mannfolka kosa seg på tenninbanen med Fotballtennis – nett som i barndommen! Kvelden vert avslutta med  knallgod Barbeaqueaften.  Som balsam for vennskapa, nye bånd blei knytta!

Søndag 23. Juni – Endeleg var dagen her! Hanne vart pynta av ei god venninna. Egil var heilt avslappa, som vanleg. Gunn Janne hadde full kontroll!

Då seremonien starta, vert det ei magisk stemning, der det kom fram gledestårer hos både brudepar og gjester. Ei særdeles flott musikalsk oppleving! Fønvind! Herleg temperatur! Kvite stolar! 89 Flotte gjester! Kunne ikkje blitt betre J

Etter at me hadde gitt våre JA, Ja då var Bryllaupsfesten i gong.

Det må berre opplevast!

Tusen Takk til Gunn Janne og Veien til Toscana! Eit minne for livet J

Beste helsing

Hanne Nesbø Haugland & Egil Haugland

hanne_egil_2014_4

hanne_egil_2014_2

hanne_egil_2014_7

hanne_egil_2014_6

hanne_egil_2014_8

Leave a Reply